FERIE

Påskeferie 2019

Sue Suksessiv

Sue Suksessiv – det er ho som kan alle tunellane mellom Bergen og Voss på rams  – i rekkefølgje. På Vossajazz er ho av dei som har rytmen i seg, og sjølv i eit tingingsverk kan ho plukke opp melodilinjer som dukkar opp att i tanken i dei mest utrulege situasjonar.
Sue er «fødd med ski på beina», og har prata som ein foss sidan før ho fylte to. No har ho nettopp lært seg det tredje «andrespråket”.

Suksessiv prosess er aktiv når ein tek inn det som kjem i rekkefølgje. Det kan vere synsinntrykk, som i landskap ein køyrer gjennom, eller scene etter scene i ein musikkvideo eller ein film. Det kan vere slikt som kjem via øyret, som språklydar i ord, ord i fraser og setningar eller tonar i ein song eller eit musikkstykke.

Suksessiv prosess gjeld ikkje berre det perseptuelle. Også når vi er fysisk aktive er suksessiv prosess ein viktig hjelpar. Alle handlingar vi utfører er sett saman av bevegelsar i rekkefølgje, som ein «kinestetisk melodi», slik Luria uttrykte det. Det gjeld særleg når vi har gjort noko så mange gonger at det har blitt automatisert.

Vil du lese meir? Taddei et al har publisert ein studie som viser tydelege utslag for spesifikke lærevanskar og suksessiv prosess. NB det er ein eldre versjon av WISC som vert brukt i studien. Det som vert sagt om WISC er difor ikkje like interessant som det som vert sagt om CAS. Også for å samanlikne WISC-CAS bør ein bruke andre kjelder, sjølv om mykje tyder på at det som vert peika på av skilnader gjeld på tvers av versjonar.

Atle Attention, Ove Oppmerksomhet og Markus Merksemd

Dette er karar som er påskrudd. Det kunne vore kven som helst av dei som sa om seg sjølv “Eg er fødd klar!”  Som du kan høyre på namna er dei eit blanda trekløver – ein amerikanar, ein austlending og ein målmann – og dei er alle tre opptekne av detaljar i målet sitt. “Snakk det språket du vil, men snakk det skikkeleg!” (I parentes kan ein seie at slike som dei skapar særleg hovudbry for den som skal oversetje ein tekst eller velje målform for ei nettside der ein ikkje kan ha full oppdekning på alle mål.)

På skitur legg dei straks merke til snøkvalitet, og dei går ikkje tett oppunder skavlen som luter seg ut over ufsen sin. Sommarsdagen kan dei fylgje med på den vesle barnåla i maurtua lenge, og få med seg korleis maurane er transportarbeidarar for slikt som barnåler.

I skuledagane gjorde alle tre det godt på ein viss type testar med fleirvalsoppgåver. Ingen av dei gjekk glipp av nødvendige detaljar når dei skulle svare. Dei kan halde på med sitt, sjølv om verda mest ramlar i hovudet på dei, og like godt som dei legg merke til detaljane, kan dei koble dei ut og konsentrere seg om det dei held på med.

Vi kan tenkje på merksemd som ei dør ut til verda omkring oss. Vi treng ei slik dør som opnar seg lett, og som er lett å late att, så vi legg merke til det vi treng å leggje merke til for det vi held på med, og som vi kan late att for alt det andre.

I PASS-teorien sin tidlege historie var det diskusjonar i amerikanske fagjournalar om det er mogeleg å skilje planlegging og merksemd, eller om det eigentleg er same type prosessar. Det vart også hevda at desse to prosessane primært er “speed” – noko DAS og Naglieri var svært usamde i, både ut frå Luria si forsking og seinare studiar. Under er det link til Haddad sin studie frå 2002, som gjeld attention og planning versus speed, og til DAs og Naglieri sitt svar til Kranzler og Weng, som meinte det var feil å skilje planlegging og merksemd.

Das & Naglieri (1995). A Reply to Kranzler and Wen Shooting in the Dark

Haddad (2002). Planning versus Speed

Simen Simultan

Simen Simultan har hatt nokre toppturar i påsken. Han har alltid med kart, slik at han kan sjekke landskapet han ser, og finne ut av korleis toppane ligg i forhold til kvarandre. Han ser for seg korleis landskapet ville sett ut med vindmøller, men avviser tanken. Den slags får dei halda seg med andre stader enn her.
Med seg i sekken har Simen påskerebus og grublisar, som kjem fram straks turfølgjet tek pause. Og så underheld han dei andre med stor kreativitet i å sjå kva ein fjellnabb eller er krokete fjellbjørk ser ut som.

Simultan prosess hjelper oss å få det store bildet, få oversikten. Detaljane har ulike relasjonar til kvarandre, og dette spelet mellom heilskapen og detaljane høyrer til simultan prosess. Når det går eit lys oppfor oss, i AHA-erfaringar, og når vi oppdagar likskap og ulikskap, så er simultan prosess aktiv. Vi kan seie at  simultan prosess har mykje av æra når vi  forstår noko.

Les meir om samanheng mellom leseforståing og simultan prosess.

Penny Planning

Penny Planning ser tilbake på ein perfekt påskeferie. Alt var planlagt – til minste detalj. Det var fjellpåske først – frå hytte til hytte. Gitt suverene vermeldingar rekna Penny med at det kunne bli trangt om plassen på turistforeningen sine hytter, så ho hadde med seg ein florlett presenning som kunne gje nattely ved behov. Vel tilbake i meir urbane strøk heldt finveret fram, og dagane rakk både til kafebesøk og utebad. Det vart endå tid til å besøkje grandtante Ruth, som alltid set pris på besøk. Sjølv om Penny er ei opptatt dame, så er ho effektiv, og får tid til det ho vil prioritere. Brun i fjeset, støl i kroppen, ro i sinnet og godt samvit – perfekt, ikkje sant?

Planleggingsprosessane høyrer også til det som ofte vert kalla eksekutive funksjonar. Planlegging kan vi tenkje å som direktør og motor på ein gong. Den som har ting «på stell» til ei kvar tid, har sjeldan vanskar med denne typen prosessar. Omvendt – den som stadig handlar på impuls, går glipp av beskjedar, kjem for seint til avtalar er prototypen på ein som har vanskar med planlegging.

Les om planlegging og matematikk.

Les om planlegging og ADHD-problematikk