Når vi snakkar om tiltak for born og unge som ikkje har forsvarleg utbytte av den ordinære opplæringa…
…så er det tre spørsmål som peikar seg ut:
Kva er det som kan endrast i det ordinære for å møte endå fleire barn og unge sine behov?
Korleis kan vi utforme eit opplegg for “intensiv opplæring” som faktisk er intensivt?
Korleis kan vi spisse tiltak som møter spesifikke behov hjå eleven, og sikrar utbytte av spesialundervisning?
Det fylgjande er ikkje ei heil bok om dette, men viktige element som del av ei løysing.
Grunnlagstenking
Grunnlagstenking er den grunnleggande forståinga av området vi snakkar om. Ofte er grunnlagstenking hjå ein fagperson basert på det ein har lært i utdanninga, men også prega av erfaringar, diskusjonar med andre, og ny kunnskap frå litteratur og ulike former for etterutdanning. Du veit best hva som er di grunnlagstenking.
I arbeidet med å utforme desse nettsidene er det vår grunnlagstenking som er brukt. Viktige element i den er PASS-teorien (Jack A. Naglieri & J.P. Das), og læringspsykologi utvikla av Magne Nyborg. I det siste har vi lagt til Joaquin Fuster og det han skriv om “cognit” – lagringseiningar i hjernebarken. Desse tre tilnærmingane sett saman gir oss ein kunnskap om hjernen, prosessar, funksjonar og lagra kunnskap som vi finn nyttig for å forstå elevens behov og utvikle tiltak som bidreg til endring. Andre sentrale navn er Alexander Luria, Lev Vygotsky, Donald Hebb – som alle har gitt sentrale bidrag til å forstå grunnleggande læring. (Meir kjem)
Generelle tiltak
Generell læring i form av basisbegrep eller grunnleggjande begrep er ein viktig del av Nyborg sitt bidrag til læringspsykologien og tiltak for å støtte læring på tvers av det vi gjerrne kallar personens “læringspotensiale”. Dette kan du lese meir om ved å fylgje linken ##
Seinare vil vi legge inn meir om spesifikke tiltak retta mot å lære grunnleggande ferdigheiter.
.