I dag anbefaler vi litt for følelsene – bokopplevelser for liten og stor.

Dagens BT minner oss også om hvor viktig det er med høytlesing.

Julemysteriet er ei magisk bok, med ein spennande historie og finurlege formuleringar. På jakt etter jolestemning i heimen? Les Julemysteriet av Jostein Gaarder. Det vesle lammet spring føre, på veg bort frå alle kjøpelydane på kjøpesenteret, ned gjennom 20 hundreår, og mange opplevingar kjem til undervegs.

Verdas beste julespel – eller Å for eit julespel, som er namnet på den utgåva som kom i Bokklubbens barn for mange år sidan, er ei ellevill bok, med elleville ungar og modige vaksne. Gamle tradisjonar blir brotne, dei villaste ungane får dei viktigaste rollane, og brått blir det eit heilt anna julespel.