Online Casino Gratisspinn 2020 Uten Innskudd Gratis Casinomaskiner Spill å Spille Spill Gratis Spilleautomater Uten Ekte Penger Virtuelle Casinospill

PASS-prosjektet


PASS-prosjektet er eit OFU-prosjekt, Offentleg forskings- og utviklingsprosjekt med støtte på 3 millionar kroner frå Innovasjon Norge. I prosjektet samarbeider vi med PP-kontor, skular og barnehagar i ei rekkje kommunar.

PASS står for planlegging, merksemd, simultan og suksessiv prosess, fire typar tanke-prosessar som beskriv hjernen sine måtar å fungere på. PASS-teorien som ligg til grunn, er forskingsbasert, utforma av J.P. Das, J.A. Naglieri og Kirby (Das, Naglieri & Kirby 1994). Les meir om PASS-teorien i forenkla versjon eller ein av dei mange forskingsartiklane som er publisert.

PASS-prosjektet er ikkje aleine om å bruke PASS-teorien som basis for gode tiltak, tvert om er det ein av intensjonane bak utviklinga av denne teoretiske tilnærminga.

 

Kommunane har formulert sitt formål med å delta i prosjektet litt ulikt, men felles for alle er at dei gjennom prosjektet vil oppnå å lukkast betre med å gje godt utbyte til alle born i den ordinære opplæringa, og på den måten minske behovet for spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp.

I dei fleste kommunane som er med er PASS prosjektet knytt til det som vert kalla systemarbeid i PP-tenesta. Det er ein del av PP-tenesta sitt oppdrag, heimla i Opplæringslova, å ”hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov”.

Pedverket Kompetanse har som formål med prosjektet å samle data for å lage norske normer til reidskap for å kartlegge PASS-prosessane hjå born og unge som har vanskar. CAS2 Rating-skala er ein reidskap som kan brukast i skule og barnehage, medan dem meir omfattande CAS-testen er PP-tenesta sin reidskap.

PP-rådgjevarar og lærarar frå Røyken kommune var dei fyrste som sette i gang, og som stod for ”snorklypping” då prosjektet vart erklært for åpna. Stavanger, Bømlo og Sykkylven er og mellom pionerane, og seinare har Hurum sett i gang sitt opplegg i prosjektet. Hausten 2016 er det oppstart i Sør-Trøndelag fylkeskommune og Lister-kommunane; Rælingen reknar med å komme i gang med datainnsamling, og Kristiansund kommune har eit opplegg der ein jobbar med begrepsundervisning for å styrke simultan prosess knytt til språkplan og lese/ skriveopplæring.

I PASS-prosjektet skal PP-tenesta få verktøy for å arbeide tett på skulane, og formidle kunnskap om korleis born lærer, slik at born sine særlege behov ikkje blir til hinder for læring. Prosjektet inneber såleis kompetanseheving både for PP-rådgjevarar og for lærarar i skule og barnehage, både i å forstå og kartlegge born sine særlege behov, og typiske måtar å arbeide på.

Les om måtar å knyte PASS til tiltak på i denne presentasjonen frå Portugal.
PASS-prosjektet er eit OFU-prosjekt, eit offentleg utviklings-og forskingsprosjekt. OFU-programmet hjå Innovasjon Norge vektlegg samarbeid mellom bedrift og offentleg verksemd, der begge partar skal ha utbyte av prosjektet, og begge partar skal yte. Kommunane som deltek brukar og ressursar på prosjektet, ved at PP-rådgjevarar og lærarar brukar arbeidstid til å delta på kurs, til å prøve ut tiltak i klassen/ gruppa si, og til å samle data slik at det kan lagast normer. Som nemnt går Innovasjon Norge inn med støtte på opp til 3 millionar. Resten av finansieringa er Pedverket si investering. Prosjektet skal gå frå 2015-2018, og inkluderer tilsvarande aktivitet i Sverige. Prosjektleiar er Gunvor Sønnesyn, men heile staben hjå Pedverket Kompetanse medverkar.

Gjennomførte prosjektaktivitetar per 1. august 2016:
2015:
13. oktober Oppstartkurs for PP-rådgjevarar, Røyken og Sykkylven kommunar
14. oktober Oppstartkurs for PP-rådgjevarar og lærarar, Røyken kommune
2. november Oppstartkurs for PP-rådgjevarar, Stavanger og Bømlo kommunar
3. november Oppstartkurs for PP-rådgjevarar og lærarar, Stavanger og Bømlo kommunar
11. november Oppstartkurs for lærarar frå ein skule og ein barnehage i Sykkylven
17. november Tolkingskurs for CAS2 Rating-skala for lærarar og PP-rådgjevarar, Røyken kommune

2016:
1.-2. februar          Systemarbeid – tiltak retta mot PASS-prosessane; kurs for lærarar og PP-rådgjevarar, Røyken kommune.
9. februar              Oppstartkurs for for PP-rådgjevarar, Rælingen kommune
10. februar            Oppstartkurs for PP-rådgjevarar, Hurum kommune
11. februar            Oppstartkurs for barnehagelærarar og PP-rådgjevarar, Hurum kommune
12. mars               Systemarbeid – tiltak retta mot PASS-prosessane; kurs for leiarar og PP-rådgjevarar, Bømlo kommune
25.-26. april          Systemarbeid – tiltak retta mot PASS-prosessane; kurs for lærarar og PP-rådgjevarar, Stavanger kommune
23.-24. mai           Systemarbeid – tiltak retta mot PASS-prosessane; kurs for lærarar og PP-rådgjevarar, Hurum kommune
8.-9. september    Systemarbeid – tiltak retta mot PASS-prosessane, kurs for lærarar og PP-rådgjevarar Røyken kommune
15.-16. september Systemarbeid – tiltak retta mot PASS-prosessane, kurs for lærarar og PP-rådgjevarar Bømlo kommune
17.-18. november  Systemarbeid, Hurum kommune: BU-modellen, kurs for personalet i Ødegården barnehage.

2017
2. januar            Systemarbeid Kristiansund kommune. BU-kurs for lærarar i skule og barnehage
5. januar            Kompetanseheving PPT – Kva og korleis  formidler vi PASS-prosessane og veileder rundt dette?
23.-24. januar    Systemarbeid, Bømlo kommune: Tiltak retta mot lesing, skriving og matematikk i lys av personen sin PASS-profil
7.-8. februar      Systemarbeid, Røyken kommune: Tiltak retta mot lesing, skriving og matematikk i lys av personen sin PASS-profil