Er du opptatt av læring?

Det er vi også. Derfor held vi kurs med formål å hjelpe born og unge til å lære betre. Neidå, vi inviterer ikkje born og unge på kurs – vi inviterer lærarane deira og PP-rådgjevarane.
Om de framleis har meir å lære om born og unge si læring, så kikk litt nedover på kurstilboda våre, og sjå om dette er noko for dykk. Denne gongen skriv vi på nynorsk, men kursa våre nyttar den lokale målforma (bokmål eller nynorsk) der kurset vert halde.
Er du rektor? Har du ansvar for lokale kurs? Desse kursa kan vi også halde hjå dykk, og skreddasy til den målgruppe de ynskjer. Ta kontakt for meir informasjon.

Grunnlaget – begrepsundervisning etter Nyborgs modell (BU-modellen)

Dette er ein hjørnestein i det vi driv med, fordi det gjeld å lære å lære. Det finst ein type begrep som endrar grunnlaget for å tenkje. Aristoteles var ein av dei fyrste til å fokusere på desse, og det gjorde også Magne Nyborg i si forsking, under merkelappen grunnleggjande begrepssystem – GBS. Å ta desse i bruk på ein bevisst måte har synt seg å endre læreforutsetningar både hjå dei som lærer lett og hjå dei som har vanskar. Nyborgs modell for begrepsundervisning – BU-modellen – blir presentert og demonstrert over to dagar, saman med eit innblikk i tenkinga som ligg bak. Kursdeltakarane får prøve seg både på denne og på å bruke GBS i ulike samanhengar. Vi ser på korleis GBS er ein viktig hjelpar for den som skal lære å lese , skrive og rekne. Slik hjelp er særleg viktig i begynnaropplæringa, og for den som treng ekstra tilpassing eller spesialundervisning seinare.
Kurs i Oslo 11.-12. oktober 2018  og  8.-9. april 2019.  Kurs i Bergen 18.-19. oktober.

GBS som læringsstrategi – kurs i Bergen 17. oktober – å bruke GBS relatert til læreoppgåver på mellomtrinn og ungdomstrinn. (Dette kurset gir ikkje innføring i BU-modellen).

Fatte matte – dybdelæring i matematikk

Boka ”Fatte matte” var bestseljar forrige sesong. Der les vi om kor viktig systematisk begrepslæring og dei  grunnleggjande begrepssystema (GBS) er i matematikk.

I dette kurset ser vi på korleis vi lærer matematikk, og har stort fokus på begrep som er viktige for den som skal lære matematikk. Kva begrep må vi passe på å ta med? Korleis kan vi jobbe med dei? Korleis kan vi knyte dette til praksis, og til den verkelege verda elevane lever i? Korleis kan språket vere viktig for læringa?

Fyrste kursdag gjeld grunnleggjande forståing av titalsystemet og rekneartane, medan andre kursdag har brøk, desimaltal, prosent og måling som hovudtema. Det er mogeleg å delta berre første dag.

Kurs i Bergen 29. og 30. oktober 2018.  Kurs i i Oslo 11.-12. mars 2019.

Kartlegging for bedre læring – CAS2 Ratingskala

Det hender at det finst elevar som jobbar og jobbar, utan at dei får ”utteljing”. Vi møter og born og unge som ikkje får gjort så mykje, aldri kjem i gang, ikkje ”får med seg” beskjedar og så vidare. Det kjem veldig sjeldan av latskap eller vond vilje, men ofte av vanskar med ein eller fleire kognitive prosessar. CAS2 Ratingskala gjer det mulig å få informasjon om dette på skulenivå – med det same ein ”lurar” . På kurs lærer ein å bruke CAS2 Ratingskala, tolke og finne tiltak som er relatert til akkurat det denne eleven strevar med, både i måten han eller ho brukar hovudet, og i det faglege stoffet som framstår som vanskeleg.

Kurs i Bergen 1.-2. november 2018.  Kurs i Oslo 23.-24. mai 2019.

Kokebok for å lage IOP – individuell opplæringsplan

Born som ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa har rett til spesialundervisning, og den som får vedtak om spesialundervisning skal ha ein individuell opplæringsplan som grunnlag for spesialundervisninga som blir gitt.

Når du skal lage ein ny rett, eller du skal lage ein rett på ein ny måte, så kan det vera godt å ha ei kokebok. Kokeboka kjem ikkje med ingrediensane, men med informasjon om kva du treng, og kva du skal gjere for å lage god mat.

Kokebok for IOP kjem med hjelp til å analysere aktuelle læringsmål, og identifisere viktige begrep og ferdigheiter som ein må ha tileigna seg for å nå dei. Du får med deg reiskap for dette, og eit oppsett for IOP som gjer den brukande for praksis, og lett å ta vidare til vekeplanar og plan for læringsøkta.

Kurs i Oslo 11. januar 2019

Alle kurs over ligg til grunn for ”kokebok i spesialundervisning” som er tema for Toscanakurset for lærarar 28. april-5. mai. Les meir i kursbrosjyren.

 

Alle våre kurs er basert på pedagogisk og nevropsykologisk forsking, og retta mot praksis.