Gå til mauren og bli vis
Har du stoppa ved ei maurtue nokon gong? Viss ikkje, gjer det! Det kan sjå ut til at maurane berre myldrar rundt på tilfeldig vis, heilt til du oppdagar korleis dei samarbeider om å frakte bitar av strå, barnåler og anna smårusk framover og innover i byggverket sitt. Salomo hadde verkelege eit poeng når han sa «gå til mauren og bli vis».
Gå til mauren, og legg merke til det fantastiske samarbeidet i dette vesle systemet.
Samarbeid er inkludering
Skal vi samarbeide, må vi inkludere kvarandre. Når eg inviterer deg inn i eit samarbeid, inkluderer eg deg. Eg satsar på at du har noko å bidra med i det aktuelle samarbeidsprosjektet. Å bli bedt om å gjere noko, er å bli inkludert. Somme av oss har oppdaga at det er mykje enklare å gjere alt sjølv enn å be andre om å ta eit tak. Slik kan vi ekskludere utan å vere klar over det. Når eg ber deg om å gjere noko, har eg tru på at du kan. Når vi tek del i fellesskapet og gjer kvar våre oppgåver, byggjer vi tillit og skapar gode relasjonar.
Ekskludering i samfunnet er farleg.
Den som ikkje blir invitert inn i samarbeidet, som aldri får ei oppgåve, blir ekskludert. . Det oppstår grupper som står mot kvarandre.I samfunnet vårt er det lagt vekt på inkludering. Inkluderande opplæring, inkluderande arbeidsliv, universell utforming som gjer at alle kan delta, aktivitetar lagt til rette for å inkludere menneske som kjem frå andre kulturar, med andre språk – alt dette bidreg til eit samfunn der flest mogeleg er integrert. Likevel ser vi at menneske fell utanfor og blir ekskludert. Utanforskap kan vere noko av det som ligg bak veksande tal på kriminalstatistikkar. Det er mange og samansette årsaker til at menneske fell utanfor. Kan hende kan eit fokus på inkludering hjelpe oss til å identifisere slike, ta tak i dei, og bidra til endring?
Inkluderande opplæring.
I denne bloggen kjem det til å vere fokus på inkluderande opplæring. Så får andre ta på seg å setje fokus på andre slags fellesskap, slik at vi saman kan bidra til eit endå meir inkluderande samfunn.
Maurtua, er den eit inkluderande samfunn? Kanskje ikkje. Men om maurane samarbeider slik det ser ut til, tenkjer eg at vi har noko å læra av dei, noko som er viktig for inkludering, og ikkje minst for inkluderande opplæring.