Forventning – suksessiv prosess?
Adventskalendar: Kvar dag blir ei luke opna – kvar dag er det ei luke mindre att.
Luke etter luke – dag etter dag – suksessivt.
Luke etter luke – dag etter dag – forventning!
Det vi erfarar skjer i løpet av tid – suksessivt. Når erfaringar gjentek seg, skapar det forventning om det neste. Som på ei togreise vi har gjort før, den eine stasjonen skapar forventning om den neste. Det berre skjer, og oftast utan at vi kjenner på forventninga som ei kjensle.
Suksessiv prosess spelar så mange rollar i livet vårt. Som den å skape forventning.
Og så let vi BBC four session skape forventning med sin versjon av “Jingle Bells”