Casinospill Casinospill Spilleautomat Aams Online Nettkasinoer Rask Utbetaling Gratis Spilleautomat Uten Nedlasting Online Casino Gratis Kreditt Uten Innskudd Spill Gratis Maskiner Uten Å Laste Ned

Pedagogisk- Psykologisk Familiepraksis-PPF

Pedverket Kompetanse er eit kompetansesenter for familie, skule og PP-tenesta og har i fleire år arbeid med systematisk begrepsdanning hos born. Dei siste åra har vi og ei vidareutdanning for PP-rådgjevarar, og utvikla test og kartleggingsverktøy for PP-tenesta. Pedverket Kompetanse er landsdekkande og har og fleire prosjekt utanlands.
Vår kompetanse ynskjer vi no å dele med familiane i nærmiljøet.

Foreldre synest ofte det kan vera vanskeleg med barn og ungdom i huset og barn og ungdom synest det kan vere vanskeleg med foreldre i huset. Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med dei vanskane du opplever som foreldre.

Kva kan vi hjelpe med ?
1.       
Vanskeleg å vere foreldre.
2.       Mistilpassing i heim, skule og barnehage

  • Oppsedingsspørsmål
  • Problemåtferd  og ADHD
  • Overdrevne sinne- og raseriutbrot
  • Mobbing
  • Kommunikasjon i familien

3.       Skulevanskar

  • Lese- og skrivevanskar
  • Språk- og talevanskar
  • Sosiale vanskar
  • Vanskar mellom skule og heim
  • Rettar i skulen

Vi kan kartlegge kor store eller små vanskane er og vi kan finne tiltak som kan gjere at vanskane blir redusert.

Metode
·         Rådgjevingssamtaler
·         Testing og kartlegging av vanskar
·         Undervisning av barn og ungdom med spesifikke vanskar (lese-skrive og reknevanskar)
·         Samtale med barn og ungdom.

Eit normalt forløp
·         Rådgjevingssamtaler 1-10 timar etter avtale, normalt nyttar vi korttidsavtaler.
·         Utgreiing/kartlegging/testing . grunnleggande funksjons- og evnetesting tar normalt 10 arbeidstimar
a.       Meir spesifikk kartlegging/ testing  etter avtale med ca. 5 arbeidstimar pr. test.

Kostnadar
·         Timeprisen er kr. 980,-
·         Undervisning faktureres etter medgått tid.
·         All arbeidsmengd avtalast på førehand slik at du ikkje får nokon overrasking med rekninga.

Kven vil du møte hjå Pedverket Kompetanse?
Kliniske vurdering og rådgjeving PP-rådgjevar Morten Hem
Lærevanskar inkludert dysleksi og matematikkvansker PP-rådgjevar Gunvor Sønnesyn

Når vi er einige om det, arbeidar vi og i team for å få ein best mogleg løysningsorientert kompetanse.
Når du tek kontakt med oss kan du sjølv be om time med ein spesifisert rådgjevar.