Pedagogisk- Psykologisk Familiepraksis-PPF
Pedverket Kompetanse er eit kompetansesenter for familie, skule og PP-tenesta og har i fleire år arbeid med systematisk begrepsdanning hos born. Dei siste åra har vi og ei vidareutdanning for PP-rådgjevarar, og utvikla test og kartleggingsverktøy for PP-tenesta. Pedverket Kompetanse er landsdekkande og har og fleire prosjekt utanlands.
Vår kompetanse ynskjer vi no å dele med familiane i nærmiljøet.
Foreldre synest ofte det kan vera vanskeleg med barn og ungdom i huset og barn og ungdom synest det kan vere vanskeleg med foreldre i huset. Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med dei vanskane du opplever som foreldre.
Kva kan vi hjelpe med ?
1. Vanskeleg å vere foreldre.
2. Mistilpassing i heim, skule og barnehage
- Oppsedingsspørsmål
- Problemåtferd og ADHD
- Overdrevne sinne- og raseriutbrot
- Mobbing
- Kommunikasjon i familien
3. Skulevanskar
- Lese- og skrivevanskar
- Språk- og talevanskar
- Sosiale vanskar
- Vanskar mellom skule og heim
- Rettar i skulen
Vi kan kartlegge kor store eller små vanskane er og vi kan finne tiltak som kan gjere at vanskane blir redusert.
Metode
· Rådgjevingssamtaler
· Testing og kartlegging av vanskar
· Undervisning av barn og ungdom med spesifikke vanskar (lese-skrive og reknevanskar)
· Samtale med barn og ungdom.
Eit normalt forløp
· Rådgjevingssamtaler 1-10 timar etter avtale, normalt nyttar vi korttidsavtaler.
· Utgreiing/kartlegging/testing . grunnleggande funksjons- og evnetesting tar normalt 10 arbeidstimar
a. Meir spesifikk kartlegging/ testing etter avtale med ca. 5 arbeidstimar pr. test.
Kostnadar
· Timeprisen er kr. 980,-
· Undervisning faktureres etter medgått tid.
· All arbeidsmengd avtalast på førehand slik at du ikkje får nokon overrasking med rekninga.
Kven vil du møte hjå Pedverket Kompetanse?
Kliniske vurdering og rådgjeving PP-rådgjevar Morten Hem
Lærevanskar inkludert dysleksi og matematikkvansker PP-rådgjevar Gunvor Sønnesyn
Når vi er einige om det, arbeidar vi og i team for å få ein best mogleg løysningsorientert kompetanse.
Når du tek kontakt med oss kan du sjølv be om time med ein spesifisert rådgjevar.