PASS – planning-attention-simultaneous-successive på fjelltur.

På fjelltur må du planlegge kvar du skal gå og kva du skal ha med; kvar du skal setje ned foten, kvar du skal gå over elva, når du skal ta pause, om du har ork til den neste bakken….
Du må ha merksemd på steinar du skal trø på, og turen blir rikare om du har merksemd på maur på stien, fjellbjørka med blad som glitrar i sola, blåbæra som er modne, vakker utsikt, godt turfylgje…
…og når du ser maur på stien skjønar du at det må vera ei maurtue i nærleiken, høyrer du sauebjøller veit du at du kan treffe på ein sau, du har overblikket over naturen rundt deg, og snur du deg ser du heile vegen du har gått, steg for steg, og slik vekslar simultan prosess med suksessiv i alt du “tek inn” frå verda omkring deg…
Har du vanskar med planlegging kan det kjennast som eit ork å komma seg av stad på tur. Kvar skal ein reisa, kva skal ein ta med, og blir det noko kjekt dette her? Plumpar ein skoen uti eit myrhol kan det kjennast som om dagen er øydelagt, og korleis i all verda skal ein komma seg over, om ein kjem til ei elv? Mens den som er sterk på dette området kosar seg med å gjera seg klar, er full av begeistring over det meste, og har ei løysing på alt. Og fann du mykje bær ein stad i fjor, så legg du gjerne ruta den vegen i år og.
Har du ein styrke i å legge merke til detaljar, så gjer du nettopp det, og det er ikkje ende på kva ein kan legge merke til på ein fjelltur. Kantarellane som lyser under einekvistane, grua som nokon har laga nett der det passar å ta pause og koka kaffi, fisken som vaker i tjørna – ein må leggje merke til det om ein skal få glede av det.
Du brukar simultan prosess når du nyt utsikten, og ser dei ulike grendene nede i bygda, korleis dei høyrer ihop i ein heilskap, og kvar dei ligg i forhold til elva. Simultan er aktiv når du kjenner att blomar, og kanskje veit kva dei heiter; når du lagar deg kjennemerke til dømes der dei to store flate midt i stien formar eit hjarte. Suksessiv prosess gjer at når du er van til å gå i fjellet, så er mange av rørslene som høyrer saman i det å ferdast smidig i ulendt terreng automatisert. Og når du er komme til det eine kjennemerket, og veit kva som er det neste og neste, fordi du har gått der før – så er det takka vere suksessiv prosess i hjernen din.
Sjølvsagt kan vi ikkje isolere prosessane slik det kan høyrast ut her – dei er aktive i lag i all mental aktivitet hjå menneske. Men dei vekslar på å spele hovudrolle, og yter kvar sitt inn i heilskapen.

Les meir om PASS