Litt om PASS og matematikk
Det har vore mange «case» som gjeld CAS2 og matematikk, eller rettare PASS-analyse og matematikkvanskar. Då passar det med PASS og matematikk på PASS-bloggen.
PASS – planlegging (a)merksemd-simultan-suksessiv – dei fire typane av funksjonar som Luria identifiserte ut frå hjerneforskinga si – er alle aktive når ein person held på med matematikk. Desse prosessane er involvert i all mental aktivitet hjå menneske, sa Luria. (Luria 1973)
Linkane under er til artiklar som gjeld planleggingsprosessar og matematikk. Dei gir tilgang til full tekst, og er henta frå nettsida til Jack A. Naglieri.
Det vil seie at simultan prosess, som er viktig for å trekkje slutningar og forstå, også er viktig for det læraren ber Anton om å gjere. Han har ikkje slik forståing. Det kan komme av vanskar med simultan prosess, men vi kan ikkje berre ut frå dette slutte at han har slike vanskar.
For å løyse problemet med base10-materiell må ein kunne styre merksemda mot antal. Ikkje noko tyder på at Anton gjer det. Årsaka treng ikkje vere relatert til merksemd, det kan også komme av at han ikkje har lært begrep om antal.Det vil seie at han veit ikkje kva han skal styre merksemda mot.
Sønnesyn (2009) seier meir om dette. Du kan også lese meir om begrepsundervisning andre stader på nettsida, med referanse til Nyborgs modell.
For å sette ord på si eiga forståing er oppgåver av typen som vist til venstre eit godt hjelpemiddel. Når eleven må sette ord på kva som er likt og kva som er ulikt, så gir det språkleg medvit i tydinga metakognisjon om dette, til hjelp for minnefunksjonar og rask prosessering. Der eleven ikkje ser så mykje, gir det god informasjon om kva han eller ho treng å lære.
Du kan lære mer om PASS
Du kan lese mer om PASS i PASS-bloggen eller andre steder på nettsida eller i artiklene under. Du er også velkommen på kurs der du kan lære mer om hvordan du kan kartlegge PASS med CAS2 Ratingskala hvis du er lærer, og med CAS2 evnetest hvis du er PP-rådgiver. Informasjon om elevens PASS-prosesser er informasjon om hans eller hennes behov og hvordan de kan møtes.