PASS-for å forstå elevar som har ADHD

Har barnet eller ungdommen din ADHD? Personar som får denne diagnosen har ofte vanskar med det som er kalla planleggingsprosessar i PASS, og som gjeld mykje meir enn planlegging. Samtidig betyr det ofte ein styrke i simultan eller suksessiv prosess. Planleggingsvanskar “ropar på” struktur i kvardagen, og i opplegg og metodar som vert brukt på skulen. Like viktig er det at personen får utnytte styrken sin, og at det vert lagt til rette for det i opplæringa.

Biletet til venstre har link til ein artikkel som tek perspektivet til  foreldre som ikkje opplever å nå fram til skulen når barnet deira har vanskar. Det er ikkje så mange eksempel på god praksis vi finn her. Vi tenkjer at lærarar vil det beste for elevane sine, og når noko “skjer seg”, så kan det vere fordi det går ut over læraren sitt “repertoar” og kompetanse. Vi skal heller ikkje gløyme alle lærarar som møter elevar og foreldre på gode måtar, sjølv om ein saman møter utfordringar som kan vere store.

Lærarar får ulik kompetanse på dette gjennom utdanninga si, og så langt er PASS ikkje tema hjå dei fleste utdanningsinstitusjonane, . Det er viktig å vite at det er finst kunnskap om dette som er praksisretta, og har som mål å hjelpe alle born og unge til å utnytte potensialet sitt. Ta kontakt om du ynskjer å tileigne deg slik kunnskap.