Prisar – når PPT/ skule/ barnehage/ kommune held i det praktiske
- Fysisk kurs: Kr 21 000 per dag (kurshaldar) + reise og opphald
- BU-kurs (to-dagars kurs): Kr 35 000, som inkluderer 3 t webinar for å drøfte erfaringar.
- PÅBYGG -Webinar – 3 timar kr. 5000; 6 timar kr. 12000. (Krev kamera på)
- Webinar – 1 time for å drøfte erfaringar – gratis
Prisar – når Pedverket arrangerer kurs på Voss
To-dagars kurs : kursavgift kr 4000 per deltakar, 3000 per deltakar når det er tre eller fleire frå samme kommune.
Påbygg med webinar – prisar som over.
Kontakt: E-post Telefon +47 922 91 227
Kurshaldar
Kurshaldar er Gunvor Sønnesyn: Gunvor har lærarutdanning med påbygg i matematikk, småskulepedagogikk, spesialpedagogikk, og hovedfag i pedagogikk. Ho har lang erfaring som lærar, PP-rådgjevar, og ho har undervist i etter- og vidareutdanning for lærarar og PP-rådgjevarar. Den viktigaste kompetansen er kanskje likevel den som er tileigna i arbeid med elevane som hadde dei største utfordringane.
Saman med Morte Hem har ho vidareutvikla materiell og opplegg for Nyborgs BU-modell (Grunnlaget). Ho har og brei erfaring frå internasjonale prosjekt, der hennar bidrag har vore knytt til Grunnlaget og til PASS – planning-attention-simultaneous-successive – teorien (J.P. Das & J.A. Naglieri). Ho har halde kurs og workshops i ei rekkje europeiske land.
Gunvor Sønnesyn har hatt medansvar for utvikling av norske sertifiseringskurs for CAS2, Cognitive Assessment System.