Kurs – Grunnlaget
Kursa våre er interaktive kurs der læringsøkter vekslar med utprøving, «AHA»- opplevingar og diskusjonar – der vi er fysisk til stade. Dette kombinerer vi med webinar for å utveksle erfaringar og jobbe med GBS retta mot ulike opplæringsmål.
NB Kurspresentasjonane kjem på nynorsk og bokmål
Grunnlaget – Nyborgs BU-modell
Eit «kinderegg» for å lukkast med forsvarleg og godt utbytte av opplæringa
Kurs 1: To-dagars grunnkurs Grunnlaget
Grunnkurset gir teoretisk innføring og praksis i bruk av Nyborgs BU-modell. Dette kurset har vekslande aktivitetar som krev at vi er fysisk tilstade. Kurset gir grunnlag for å «bygge på» med ein eller fleire av modulane under etter ynskje.
Påbygg – modul 1A Webinar for å drøfte erfaringar (3 t)
Påbygg – modul 1B Webinar for å jobbe med fokus på prioriterte opplæringsmål – kva grunnleggande begrep er relevante/ avgjerande for elevane å lære for å tileigne seg basiskunnsskap?
1B I med vekt på den fyrste leseopplæringa (3t)
1B II med vekt på matematikk på småskulesteget (begrep om einingar og antal, rekneartane, 3t)
1B III med vekt på matematikk på mellomsteget (brøk, desimaltal, større tal, 3t)
Påbygg – modul 1C Webinar med fokus på GBS som er viktige for emosjonell utvikling (3t)
Kvifor? Dette:
Gjennom læringsprosessar er ein hjerne travelt opptatt med å analysere, abstrahere, generalisere. Når det buttar imot for ein elev, og det blir vanskeleg å henge med,
så har det ofte noko med slike prosessar å gjere.
Prosessane er avhengig av strukturar – det som er lagra i hjernen vår. Grunnleggjande analysebegrep er generelle på den måten at dei gjeld og kan brukast på det meste av det vi tek inn med sansane våre. Difor kan dei gi kognitiv støtte til læring, og slik bidra til at ressursen «intensiv opplæring» verkeleg blir intensiv, og ikkje eit ekstra friminutt.
I kurset lærer du både om kognitive prosessar, korleis hjernen fungerer, og kva vi kan gjere for at ny læring best mogeleg får støtte av det ein person har lært før. Og kva er eigentleg ein analytisk kodingsprosess?
La borna legge vekk boka og I-paden, og bruk verkelege ting som har farge, form, størrelse, funksjon og mange andre eigenskapar.
La borna bruke stemma, så språket får «setje namn på», bevisstgjere og generalisere.
Gi borna konkrete opplevingar av å lære.
Syt for at borna får basis for alt det andre dei skal lære, og trygg basis for å gå tilbake til andre aktivitetar med nytt blikk og og ein «bank» av språkstøtte i det dei har lært.