Planlegging og julestrev.
Du veit den følelsen, når det er travelt – du har enormt mange “prosjekt” som skal landast – og så er plutseleg alle “lappane” tomme. Kvar var eg- kva var det eg skulle – eg må få det gjort – helst i går – og no er det snart….
Vi tippar fleire enn ellers kan kjenne på slikt no om dagen. Mangt og mange skal vihugse på. Det er då vi treng fokus på planlegging – å finne lure måtar – å endre planar – kunne slå av på krava – kunne kose seg nett slik det er utan alle “må berre fyrst”… Planlegging har mange sider, og i desse dagar kan det vere fint å minne om at i nett no har vi kanskje mest av alt bruk for den “planleggingsbiten” som ligg i evna til å ENDRE planar når dagane blir for få, og nettene for korte…
Julestrev kan ha mange ansikt. I år er det mange som opplever det strevsomme i at jula blir annleis. Det er for lite juletravelt – for mange stunder aleine. Det vi kjenner på er ikkje alltid mogeleg å gjera noko med, men å å planlegge litt kan gje struktur til dagane. Strukturar har det til felles at dei støttar opp, fysisk, praktisk og mentalt.
Uansett – ein liten “time-out” høyrer også med til ein god plan: Vi anbefalar The King’s Singers: Christmas Song. Om du likar den er det berre å la vere å slå av, så kjem det meir. (Scroll over teksten her, så finner du linken)
Og om du vil lese meir om planleggingsprosesser generelt etterpå, så klikk på linken her.