Jon Fosse om fargar og generalisering
Du kan vel namna på fargane? seier Asle
Ja, seier Systera
For det er ikkje så mange, seier han
Det er mange fleire fargar enn det er namn på
fargar, i alle fall namn eg kjenner til, seier han
Ja sikkert, seier Systera
Gult, blått, kvitt, seier Asle
Og raudt, brunt, svart, seier ho
Og lilla, seier han
Ja og nok mange fleire, seier Systera
og Asle seier at det er slik, for fargen på det
blåe huset er heilt ulik den blåe fargen på him-
melen eller den blåe fargen på sjøen eller den
blåe fargen på kjolen hennar, seier han, ho må
berre sjå
Ja sjå kor ulik den blåe fargen på huset og på
kjolen din er, seier han
og han seier at fargane aldri er heilt like og så
skifter dei alltid, og det har med lyset å gjera,
seier han, så det er heilt uråd å ha namn på alle
fargar som finst, det hadde vorte så mange namn
at ingen hadde klart å læra seg alle namna, seier
han og Systera seier at blått er no likevel blått,
seier ho, og gult er gult, seier ho
Ja, ja det er slik, seier Asle
Sjølvsagt er det slik, seier han
Jon Fosse: Det andre namnet I-II (2019) s388-389
I den siste boka si lagar Jon Fosse litteratur av å skildre generalisering – å oppdage delvis likskap.
Nyborgs BU-modell gjeld det same, men då som metode for begrepslæring.
https://pedverket.no/begrepsundervisning/