Webinar våren 2026

Det er alltid kjekt å møta PP-rådgjevarar på Teams – og det skjer rett som det er. For å gjere det meir tilgjengeleg både for PP-rådgjevarar, spesialpedgaogar, lærarar og andre interesserte, planlegg  Gunvor Sønnesyn ein liten Webinar-runde før sommaren. Tema blir PASS-teorien, som tek utgangspunkt i det nevropsykologen Alexander Luria fann ut for mange tiår sidan.Vi har teke for oss merksemd og simultan prosess, no står suksessiv for tur og deretter blir det planlegging. Vi ser mellom anna på korleis vi kan utnytte ein styrke eller demme opp for ein vanske i kvar av prosessane, og relaterer det til case. Spørsmål om webinar? Send ein epost.   

 

Vårens program:

29. april 14:30-15:15. Kva er likt og kva er forskjellig i tolking av «profilar» frå WISC-5 og CAS2?
Teams-lenke til webinaret.

7. mai 14:30-15:15. Å legge merke til – fokus på oppmerksomheit
Teams-lenke til webinaret.

21. mai14:30-15:15. No forstår eg! Fokus på  simultan prosess
Teams-lenke til webinaret.

28. mai, 14:30-15:15. Fyrst må eg… deretter…. Fokus på suksessiv prosess
Teams-lenke til webinaret.

3. juni, 14:30-15:15. Planar for sommaren? Fokus  på planleggingsprosess
Teams-lenke til webinaret.

Velkommen!