Intensiv opplæring

I sommar fekk opplæringslova eit tillegg om intensiv opplæring. I erkjenning av at mange born ”fell av lasset” i løpet av dei fire fyrste åra, har lova fått ein ny § 1-4, Tidleg innsats på 1. til 4. trinn. Føremålet er å sikre at elevane raskt får eigna intensiv opplæring slik at forventa progresjon blir nådd” – som lovteksten seier det.

Vi vil gjerne bidra til at dette blir mogeleg å gjennomføre. Difor har vi laga ei kursrekke der vi vil presentere arbeidsmåtar og innhald som gjer det lettare å lage opplegg for intensiv opplæring i  staden for å gjere det same ein gong til. Med betre kunnskap om korleis born lærer blir det lettare å sjå korleis det enkelte barn lærer best. Kompetanse til å gje borna byggesteinar for læring gjeld både metode og innhald for den intensive opplæringa.

Tidleg innsats.

Det kan vere ulke årsaker til at born ikkje har hatt utbyte av «fyrste runde». Før ein brukar store ressursar  på å finne ut kvifor, er det ein god strategi å syte for at desse borna får lære seg «byggesteinar» som gjer det lettare å lære.

Grunnleggjande begrep og begrepssystem er slike byggesteinar, og Nyborgs modell for begrepsundevisning er ein metode som dei fleste har erfart gir sikker suksess. Difor har vi laga ei kursrekke der vi demonstrer denne metoden, og viser korleis vi kan «skru på brytaren» til viktige læreprosessar ved å lære borna å bruke desse begrepa.

Kurs

Lærarane fortener å få nokre dagar over tid for å lære seg dette. Det kan syne seg å vere vel anvendt, fordi det gir kompetanse for intensiv opplæring som gir læring og meistring. Å lære sg å lese og rekne er viktig, men endå viktigare er livsmeistring.

Tema for ei kursrekke over seks dagar som gir spesialisering i intensiv opplæring:
(1 og 2) Byggesteinar for læring. Grunnleggjande begrepssystem. Vi lagar opplegg for 20 økter ”lære å lære”.
(3 og 4) Å bruke byggesteinane for å lære å lese og skrive. Vi brukar byggesteinane, ser på viktige læreprosessar for lesing og skriving og lagar opplegg for eigne elevar.
(5-6) Å bruke byggesteinane for å lære å rekne.Vi brukar byggesteinane, ser på  viktige læreprosessar for å lære matematikk og lagar opplegg for eigne elevar.
Dag 2-6  kan med fordel gjennomførast ein og ein og med mellomliggjande praksis med praksisnotat som dokumentasjon.

Kursbrosjyren har informasjon om den fyrste kursrekka, som som startar i mars.

Byggesteinar for læring

Pedverket Kompetanse har i mange år arbeidd med byggesteinar for læring ut frå Nyborgs modell for begrepsundervisning inn i vårt eige opplegg Grunnlaget.

Dette har vi blant anna formidla i Tsjekkia, der born i risiko-utsette grupper har fått intensiv opplæring med Grunnlaget, basert på Nyborgs BU-modell. People in Need, organisasjonen som har tatt initiativ til dette, skriv om “when learning is fun”. Dei skriv også om Grunnlaget.

 

PASS – nevrokognitiv teoribasis

Dei siste ti åra har vi i Pedverket Kompetanse arbeidd med PASS-teorien, ein heilskapleg teori om kognitive funksjonar, som blant anna er viktige for læring. Den som kan PASS, kjenner att sterke sider og utfordringar for det enkelte barn ut frå korleis han eller ho er i alle ulike situasjonar i skuledagen. Når ein skal gje intensiv opplæring  har ein god nytte av å kjenne elevane slik at ein veit korleis dei lærer best. Lærarar som har vore med i PASS-prosjektet, seier det slik: PASS gir oss nye briller å sjå borna med.

PASS-prosjektet er gjennomført i samarbeid med seks kommunar og ein fylkeskommune, og er støtta av Innovasjon Norge med tre millionar kroner. Kursutviklinga som har vore ein del av prosjektet vil også liggje til grunn for kursrekka vi tilbyr for å støtte intensiv opplæring.