Har du høyrt om John Hattie?

Som vi alle, er John Hattie opptatt av elevane si læring. Som ingen andre har han forska på kva som gir synleg endring i elevane si læring. I sin svært omfattande metastudie har han sett på 800  metastudiar (metastudie – samanstilling av ei rekkje forskingsprosjekt), som til saman inkluderer 80 millionar born over heile verda. Dette gir ein unik oversikt, og Hattie sitt prosjekt er å finne ut kva som «virkar».  Ut frå metastudien laga Hattie ei  ”rankingliste” over kategoriar av metodar og tilnærmingar som har ulik effekt på born og unge si læring. Hattie uttalar seg tydeleg når han presenterer forskinga si, og han kan vere krass i uttalane sine.

Mange har god erfaring med ”Vurdering for læring”. På Hattie si liste ligg denne type tilnærming på tredjeplass, med samlenamn ”Providing formative evaluation”.

Eitt hakk før, på andreplass, ligg det Hattie kallar ”Piagetian programs”. Vi legg merke til at han i beskrivelsen av slike program viser til Naglieri og Das, og PASS-teorien. Det gir oss stort frimod til å peike på både PASS-teori og BU-modellen (Nyborg) som tilnærmingar som gir synleg endring i born si læring. Les meir om desse ved å følgje linkane, og kom gjerne på kurs for å lære meir.

Våre to ”basiskurs” for lærarar i skule og barnehage går nettopp på å formidle desse to tilnærmingane.

 

CAS2 Ratingskala  

Begrepslæring – begrepsundervisning