Essentials of CAS2 Assessment

Ei bok å anbefale for den som vil vite meir om CAS2 Cognitive Assessment System

For den som arbeider med kartlegging som del av sakkyndig vurdering av særskilte opplæringsbehov (PPT eller Statped), eller i samband med diagnostisering (BUP eller andre deler av helsetenesta) er det vel verd å legge merke til serien Essentials of Psychological Assessment. Alan og Nadeen Kaufman er redaktørar for serien, og seier dette om si redaksjonelle line:

“We aim to challenge and assist readers interested in psychological assessment to aspire on the highest level of competence by arming them with the tools they need for knowledgeable, informed practice”.

Etter å ha brukt Essentials of WISC-IV og CAS og no sist CAS2, tenkjer eg at det har dei klart.

Det skal ikkje vere lettvint å halde på med psykologisk testing. Det vert klart i denne serien fordi det er eksplisitt uttrykt, og fordi dette er stoff som må jobbast med. Ein når ikkje eit så ambisiøst mål som Kaufman sitt med å skrive ei ”lettles-bok”.

Bøkene i ”Essentials of”-serien er ikkje meint å erstatte testmanualane. Det er likevel gitt ein kort introduksjon til teoribasis og testens struktur. Reliabilitet er kort referert, medan validitet for testen er gitt større plass. Både begrepsvaliditet, relasjon til fagprestasjonar og forskjellar på grunn av ulik etnisk bakgrunn er kommentert. Ein test si evne til å skilje mellom ulike typar lærevanskar har også med validitet å gjere. Esssentials of CAS2 har med eit oversyn over gjennomsnittsprofilar for testpersonar med AS-diagnose, ADHD eller spesifikk lærevanske (her lese-skrivevanske); for   WISV-IV, Woodcock-Johnson 3,  K-ABC og CAS.

Adminstrasjon av deltestane og tolking av testresultat har fått eigne kapittel. Her kan ein finne påminningar og eksempel frå praksis, og desse kapitla kan synast meir lettlesne enn  tilsvarande i manualane – sjølv om denne boka berre finst på engelsk. Det kan vere mykje å hente her for den som skal bruke testen.

Essentials of CAS2 gjeld ikkje berre CAS2 Cognitive Assessment System, men også CAS2 Brief (med ein deltest for kvar PASS-prosess, finst ikkje i norsk versjon) og CAS2 Ratingskala (spørjesskjema for rating av atferd relkatert til PASS-prosessane, norsk versjon publisert våren 2017).

I tolkingskapitlet vert det understreka at fokus skal vere på testpersonens evne til å tenkje i dei nevrokognitive prosessane definert i PASS. Det er PASS-skalaene som gir den viktigaste informasjonen, viktigare enn både deltestar og full skala.  Det vert gjort greie for statistiske metodar som ligg til grunn for å analysere og tolke testresultat. Naglieri og Otero presenterer også korleis CAS2-resultat kan samanliknast med fagprestasjonar i ein modell som viser likskap og forskjell mellom ulike kognitive prosessar  og oppgåver som gjeld ulike typar faglege prestasjonar (discrepancy/ conistency model).

CAS 2 har med fem supplerande skalaer: Eksekutive funksjonar utan arbeidsminne, eksekutive funksjonar med arbeidsminne (ut frå ulike definisjonar av eksekutive funksjonar); arbeidsminne, verbalt innhald og nonverbalt innhald. Sjølv om det vert understreka at den viktigaste infomasjonen ligg i PASS-skalaene, så kan dette vere nyttig, ikkje minst fordi det er faktorar som det ofte vert spurt etter.

Eitt heilt kapitel i boka er retta mot minoritetsspråklege (kategorisert som English language learners, slik det er vanleg i US). Her er det vist til omfattande validitetsstudier som syner at CAS2  gir mindre forskjellar knytt til rase og etnisitet enn det som er tilfelle for tradisjonelle evnetestar, som også har med oppgåver som krev verbal kunnskap.

Naglieri har alltid lagt stor vekt på tiltak. I Essentials of CAS2 har han fått med seg Steven Feifer som medforfattar på kapitlet som gjeld tiltak. Feifer sine publikasjonar viser at han legg vekt på samanheng mellom kognitiv fungering og fagprestasjonar. Det er viktig å forstå korleis ein elev lærer best, kva hindringar som kan stå i vegen for læring, og kva ein kan gjere for å støtte personen si læring. Å kjenne PASS-styrke og – vanske hjå eleven, og vite om kva krav til kognitive prosessar som ligg i ulike læreoppgåver vil vere til hjelp for læraren både når det gjeld å tilpasse opplæringa, og å ”spisse” tiltak der det er snakk om spesialundervisning.

Forfattarane har teke med eit kapittel om styrke og svakheit ved CAS2. Ikkje så overraskande ser forfattarane fyrst og fremst testens styrke. Les sjølv, vurder dokumentasjonen, og leit etter testens svake sider i annan litteratur.

Det mest omfattande kapitlet gjeld klinisk bruk av CAS2. Ein av case-presentasjonane som er teken med der er svært omfattande, og CAS2-resultatet vert samanlikna med resultat frå ei rekkje andre testar, mellom anna CELF-4, NEPSY og Vineland. Frå før er det mykje litteratur som gjeld samanlikningar med WISC, Kaufman-ABC og Woodcock-Johnsen. For ein norsk lesar er det sjølvsagt mest interessant å sjå korleis CAS2 er relatert til testar som også er i bruk her hjå oss.

Denne lesaren har fått mykje ut av andre bind i Essentials of-serien, og Essentials of CAS2  er ikkje noko unntak. Boka kan anbefalast både for CAS-brukarar og for den som vil vite meir om CAS2 av andre årsaker.

Gunvor Sønnesyn, Pedverket Kompetanse

 

Essentials of CAS2 Assessment (Jack A. Naglieri & Tulio M. Otero, 2017.  I Essentials-serien, Alan S. Kaufman & Nadeen L. Kaufman, series editors, Wiley.

Boka kan kjøpast frå Amazon com, eller til ein litt høgare pris frå Pedverket Kompetanse sin nettbutikk.

 

CAS2 og CAS2 Ratingskala er publisert i norsk versjon 2017.